Fekk sjå Peer på fransk

Franskelevane ved Vinstra vidaregåande skule fekk seg ein litt annleis skuledag, da dei drog til Oslo for fagleg påfyll.

På tur: Elevane fekk mellom anna møte Postdoctoral Fellow Kristin Vold Lexander under ei mottaking på MultiLing ved Universitetet i Oslo.   Foto: Guri Skurdal Tofte

Gruppearbeid: Elevane har i etterkant av turen jobba med temaet på skulen.  Foto: Guri Skurdal Tofte

Nyheter

Initiativet til turen kom frå lærar Guri Skurdal Tofte, som har arbeida aktivt for å samle inn pengar frå kommunar og næringsliv for å kunne realisere planen.

- Språk er viktig. Eg har fått positive attendemeldingar etter turen, det er fint med variasjon, seier Tofte.

I hovudstaden besøkte elevane frå VG1 og VG2 fyrst MultiLing – Senter for flerspråklighet ved Universitetet i Oslo (UiO).

Forskningsenteret søker å bidra med kunnskap om moglegheiter og utfordringar ved flerspråklighet. Det samlar ulike forskingsfelt, som lingvistikk, sosiologi, psykologi, pedagogikk, antropologi og hjerneforsking.

Fleire foredrag

Under besøket fekk elevane høyre om senterets eige sosio-kognitive laboratorium og teste ein såkalla «eye-tracker», som brukast til språkforsking og tek opptak av personar med ein blikksporar.

Deretter fekk elevane høyre om Kristin Vold Lexander si forsking på senegalesiske familiar i Oslo og deira bruk av sosiale media.

Kathrine Asla Østby frå avdeling for litteratur, områdestudium og europeiske språk ved UiO forelesar til dagleg franskstudentane ved universitetet. Ho snakka om kvifor det er viktig å kunne fransk i verda i dag. Språket blir nytta i heile 29 land på verdsbasis.

Etter besøket på universitetet, venta påfyll av den kulturelle sorten på elevane, med Peer Gynt på Nationaltheatret. Men framsyninga i Oslo skilde seg frå den litt meir kjente framsyninga, som kvart år trekk publikum til fjells på Gålå; den gjekk nemleg på fransk.

Peer Gynt på fransk

Teaterframsyninga var ein del av programmet under Ibsenfestivalen 2018 og gjekk på Hovedscenen to kveldar, i likskap med ein svensk versjon av Peer Gynt.

Festivalen, som blir arrangert annakvart år og har eit internasjonalt tilsnitt, har som mål å feire og diskutere Noregs største dramatikar – Henrik Ibsen.

Bak framsyninga sto den franske regissøren David Bobée som, saman med teatergruppa si frå Rouen i Normandie, viste publikum ei annleis tolking av Peer Gynt-karakteren.

Framsyninga var teksta på engelsk, for dei i publikum som ikkje var heilt støe i fransk.

Øving: Elevane har i etterkant av turen jobba med temaet på skulen.  Foto: Guri Skurdal Tofte