Vart æresmedlem i Sør-Fron IL

Ei eldsjel gjennom 40 år

Søndag fekk idrettslaget på Sør-Fron tre nye æresmedlemmar. Ein av desse var Marit, som vart så overraska at ho mista både munn og mæle.

Æresmedlem: Marit Nyhus vart søndag utnemd til æresmedlem i Sør-Fron IL, saman med Torfinn Scheie og Jan Petter Stebergløkken. Idretten gir ho mykje glede, fortel Nyhus til Dølen. Foto: Tone Sidsel Sanden.  Foto: Tone Sidsel Sanden

Det er triveleg å gjera noko saman.

Marit Nyhus
Nyheter

– Det er vel fyrst nå at eg har teke det innover meg, smiler ho da Dølen slår av ein prat.

For ho vart skikkeleg teke på senga over utmerkinga. Ho skjøna ingenting da formann i laget, Eli Blakstad, les opp grunngjevinga.