portrettet

Moglegheitsstudenten

Når han fyrst har sagt ja, vil han gjera det han har teke på seg ordentleg. Anten det er organisering av gassiske bønder, lokalhistorie eller barnehageutstillingslokale på Prestegarden.

Organisert: Å få folk til å arbeide saman, med eit felles mål om utvikling og blikk for moglegheiter har vore rettesnora til Einar Høystad heile livet.  Foto: Guro Vollen

Nyheter

Vi kjem attende til lokalhistoria og bønder på Madagaskar litt seinare. I desse dagar kan leiaren av Stiftinga Ringebu prestegard sjå attende på den 13. sesongen, etter at stiftinga tok over Ringebu Prestegard frå Opplysningsvesenets fond i 2006.