Bent Bredeveien har funne draumejobben

– Gler meg til å vera på laget

Bent Bredeveien starta å jobbe som teknikar for tjue år sidan. Musikk og lydar i ei eller anna form, i kombinasjon med menneske, har utgjort både ein og to jobbar samstundes sidan.

Ny: Bent Bredeveien tek 17. oktober over som kulturkonsulent i Ringebu kommune, etter Tina Lie. Han gler seg, og syns han har fått draumejobben.   Foto: Guro Vollen

Nyheter

– Korleis blir det å ta over jobben som kulturkonsulent i Ringebu?

– Mykje av grunnen til at eg søkte, var jo at eg hadde lagt merke til alt det bra som skjer i Ringebu! Eg gler meg til å vera på det laget. Og så har Tina (Lie) har gjort ein kjempejobb. Og jobben inneheld så mykje, den oppfyller lista mi for ein draumejobb. Eg brenn jo for kultur, det er den samlande greia med så positiv effekt på lokalsamfunnet.