Laga leikeplass tilpassa Torsteins rullestol: – Nå kan pappa vera med på leiken!

Viktoria på fire er glad i å ha med pappa Torstein Aanekre på leiken. Nå har dei saman laga leikeplass ute i hagen så pappa enkelt kan vere med.

Å leike saman: Pappa Torsetin Aanekre kan vere med Viktoria å leike i den nye leikarstova, der alt er tilpassa bruk av rullestol.   Foto: Privat

Nyheter

«Her bor Viktoria» står det på skiltet utanfor leikestova i hagen til familien Aanekre på Lillehammer. For dette er fireåringens eige, vesle hus, plassert sentralt i hagen, Victorias eigne boltreplass. Men sjølv om dette er hennar stad for aktivitet, er det ekstra stas å ha selskap av mor og far. Pappa Torstein Aanekre, frå Sør-Fron, sit i rullestol, og likar også å vere med dottera i leiken.