Kunsten å lesa ein hund og ein saueflokk

Da Lars Romsås fekk tak i sin fyrste gjetarhund var dei så få, at to fylke måtte slå seg saman for å få arrangert prøver.

Godkjent: Tor Romsås er leiar i Midt-Gudbrandsdal gjetarhundlag, og har her gått ferdig klasse 1-prøve med Laika til godkjent med 72 poeng. Dei fem spelsauane har gjort jobben sin. – Ein må lesa både hunden og sauene gjennom kroppsspråket deira, seier Lars Romsås.   Foto: Guro Vollen

Nyheter

– Det er så artig! Det er idealisme, men eg skjønnar ikkje folk som driv med sau utan hund, seier Lars Romsås.