– Dugnadsinnsatsen er aldeles frakk

Denne veka kjem Lars Mytting sitt univers i «Søsterklokkene» til live i Ringebu. Resultatet skal bli ein trailer, men av ein litt annan art enn den du oftast ser.

Pause: Scena inne i stavkyrkja er klar og statistane har fått ei pause. Forfattar Lars Mytting følger innspelinga i Ringebu denne veka.  Foto: Silje Josten Lien

Dette er ein del av bygda si felles historie.

Lars Mytting
Nyheter

– Kan vi få inn meir støv? Alle klare? Da køyrer vi igjen! Kom igjen, vi ligg bak skjemaet!

I kyrkjebenkene i Ringebu stavkyrkje sit ei lita forsamling med blikket festa på presteryggen der framme. Dei skil seg frå dei som gjerne dukar opp i kyrkja til vanleg, med ullklede, skaut og lange stakkar.