Rekrutteringsdag for tiandeklassingar

Kvar fjerde av desse ungdommane må inn i helsesektoren

Kommunane i Midtdalen må tilsetja 50 nye medarbeidarar innan tretten ulike profesjonar i helsesektoren, kvart år framover. Torsdag fridde dei saman til alle tiandeklasseelevar over ein heil dag.

Behov: Om behovet for fagfolk i helsesektoren skal dekkast, må kvar fjerde av alle elevar ta ei helsefagleg utdanning.  Foto: Guro Vollen

Nyheter

Kommunalsjef for helse og omsorg i Nord-Fron kommune, Sverre Sætre,  kom med tala. På landsbasis treng Norge 76 000 fleire årsverk i 2035. Midtdalen får dobbelt så mange innbyggjarar over åtti år, og mange av dei som i dag jobbar i sektoren nærmar seg pensjonsalder. Skal ein nå målet må ein av fire ungdommar ta ei helsefagleg utdanning.