Om dansk kvamver med stort hjerte

Petra Sletten og hennar historie blir tema for eit foredrag i Kvam måndag. Fron kvinneforum har lete seg imponere av forretningskvinna frå Kvam, som mellom anna bidrog stort til mathjelp i heimlandet under 2. verdskrigen.

Rik: Petra Sletten var raus med formua si. foto: lånt av A. Teigen 

Nyheter

Forumet har invitert Ingar Sletten Kolloen til å halde foredraget om ei sterk kvinne frå ei anna tid. For Kolloen og mange andre kvamverar var Sletten "tante Petra". Mellom anna var Sletten kasserer for "den norsk damekomite" i Danmark, som under krigen på det meste sendte 70 pakker i månaden til eit krigsråka heimland. Ho bokførte sendingar for over 42 millionar danske kroner frå komiteen, og var sjølv ei velstånde forretningskvinne.

– Vi tykkjer det er artig at ei kvinne på den tida tok slik plass, seier Halldis Næsset og Berit Tangvik.