Snøggtur i vesterled frå Sør-Fron:

Besøkte bygda med éin skule og folketalsauke

Denne delegasjonen frå Sør-Fron og Skutustadahreppur møttes på Island før helga. Kontakta vest i havet skal nå også koma ungdomsskuleelevane i dei to bygdene til gode, gjennom samarbeid på nett.
Nyheter

Den vesle kommunen Skutustadahreppur nord på Island, har vore venskapskommunen til Sør-Fron sidan 2012. Nå skal ungdomsskulane i dei to kommunane etablere kontakt mellom elevar, over havet.

Steg for steg

Det skal skje steg for steg, som ein del av undervisninga på skulen.

- Vi er heilt i startgropa med det altså, og fungerande rektor Svein Sletten var med frå ungdomsskulen. Skal elevane bli kjent er det greit at lærarane kjenner til kvarandre også, seier Muriteigen.

Skutustadahreppur har i motsetnad til Sør-Fron hatt ei stor folketalsutvikling dei siste åra, og har nå 500 innbyggjarar, ei auke frå 350, for berre åtte-ti år sidan. Eit draumescenario for Sør-Fron.

- Mange unge har flytta heim dit fordi dei har fått jobbar i reiselivet, seier Ole Tvete Muriteigen, som saman med Svein Sletten frå ungdomsskulen og Karl Olsen frå foreningen Norden reiste til Island torsdag, og kom heim fredag.

I fjor hadde Island, med sine 300 000 innbyggjarar, 2 millionar turistar på besøk. Den nordlege delen er eit populært turistområde.


Kakefest for forbedret legekontor

Etter nærmere to år og i underkant av én million kroner, er den oppdaterte versjonen av legesenteret på Sør-Fron offisielt åpnet.


Likt og ulikt

Muriteigen og dei andre møtte mellom andre folk i det kommunestyret og i turistnæringa. Dessutan hadde dei med seg sokneprest Kristinn Olasson, på delar av turen. Olasson er islending, og kunne vera tolk.

- Det er ikkje så ulik struktur på den kommunale organiseringa. Dei har til dømes heimetenester til folk som bur heime, men når det blir bruk for meir omfattande omsorgstenester har dei avtaler med ei nabokommune. Nord på Island er det ganske grisgrendt og store avstandar, så dei må reise nokså langt, seier han.

Ellers er mykje likt, til dømes med maten. Sauen er eit fellestrekk, medan hai er langre unna.

- Sauen er nok det som har gjort at islendingane har greidd seg. Og så smakte vi på Hakarl, det er ein slags hai som er grave ned, for å bli kvitt blåsyre som fins naturleg. Det liknar ikkje på noko anna, men går an å eta, seier Muriteigen.

Sør-Fron har bedt islendingane på gjenvisitt, og da sjølvsagt til mars neste år, når hovudlandsrennet i nordiske greiner blir arrangert. 


Ut i verda og tett inn på gudbrandsdølen

Ho kom nett att etter å ha fått eit stykke sett opp i Chiles hovudstad. Parallelt har ho gjort eit djupdykk i den dølske identiteten.