Skrekkeleg og morderisk dag på ungdomsklubben

Løyste "mordgåte" på halloweenkvelden

Sjå videoen til ungdomsklubben nedanfor, der lensmannen og ordføraren i alvorlege ordelag fortel om "mordet" på ungdomsmedarbeidaren. Mysteriet vart løyst!
Nyheter

Ikkje mindre enn eit mord på ein av ungdomsmedarbeidarane var på plakaten, da Vinstra ungdomsklubb arrangerte halloweenkveld laurdag. Dei hadde jamvel fått med seg både lensmann og ordførar, om enn litt lattermilde, i ein video der mysteriet vart presentert.

Med ei mordgåte å løyse, var mellom 140 og 160 ungdommar innom Vinstra ungdomsklubb laurdag, mange av dei utkledd.

- Vi hadde eit "mordmysterium", der vår eigen medarbeidar Mari Grasbakken (frå Ung i Midtdalen) var "drept", fortel Erik Tøftestuen. Sjå videoen her.


- Kajåcamp er ei eiga boble

Det seier ungdomskonsulent Erik Tøftestuen. Og slik det såg ut laurdag ettermiddag, var det ikkje berre ei boble, heller.


Vinnarane som løyste mordgåta, Viktor og Elliot, vann gavekort på kr 500 frå Power på Vinstra.

I tillegg til mordmysteriet, var det skrekkspel og skrekkfilm på programmet til ungdomsklubben, som i høve halloweenfeiringa fløtte klubbdag frå fredag til laurdag.

Det vart også sett ny besøksrekord på ungdomsklubben.

 - Vi trur mellom 140 og 160 som var innom oss i går! Det var mange som hadde kledd seg ut, noko som er kjempebra.Kjempemoro, sjøl om vi gjekk tomme for både taco, brus og slush, seier Tøftestuen.


Fyrst ut, så heim

For Mari Grasbakken handlar jobben om å la ungdommane sjå moglegheiter i Midtdalen. Når dei flyg ut er sjansen da større for at dei landar att her, før eller seinare, meiner ho.