Dokumentar om furora omkring «European Exchange» eller «Odelsgut og Fantefølge»

Lagar film om kunstverkets dagar i Kvam

Filmskapar Merete Offerdal Tveit er frå nabobygda til Kvam – i Hardanger. Men ideen ho fekk av kunstkonflikta i Kvam, var så god at ho heldt på han, sjølv når ho forstod at dette handla om eit anna Kvam.

Nabo: Fyrste gongen ho høyrde om kunstkonflikta i Kvam, trudde ho at det handla om nabokommunen Kvam i Hardanger. Merethe O.Tveit lagar dokumentarfilm om heile prosjektet.   Foto: Guro Vollen

Nyheter

Førre veke var filmskaparen frå Hardanger i Kvam i Gudbrandsdalen, for å finne gode kjelder og gjera grunnarbeid før filminga av dokumentaren startar for alvor.

Attkjenneleg konflikt Frå tunet i Øvre Kjæstad i gardvegen har ho utsyn over store delar av Kvamsbygda.  Det som fekk henne hit, var kontroversane i samband med kunstprosjektet i Kvam i fjor haust. Konflikta mellom kunst og publikum nådde riksmedia og skapte høge bølgjer.