Elevbedrifta Risus UB med demokveld

Danseglede «åt ælle»

Marte Baukhol frå Harpefoss og Oda Brendstuen frå Frya dansar på Loftet til vanleg, og har lyst til å gå danselina på Vinstra.

Engasjerte Nathalie Strand, Silje Bratlien, Linnea Lie Holen og Silja Lindsøe saman med mentor Juliane Bay (i midten) brenn for å få danseglede ut til alle. Sundag hadde dei workshop for ungdomsskuleelevar som er nyfikne på danselina.  Foto: Guro Vollen

Mottoet vårt er «dans og glede åt ælle»

Risus UB

Gira: Med workshop bak seg var Marte Baukhol og Oda Brendstuen ennå meir gira på å søke danselina.   Foto: Guro Vollen

Nyheter

Lysta til å starte der vart ikkje mindre da dei fekk dei prøve litt, gjennom ein workshop arrangert av elevbedrifta Risus sundag.

Ein annan dans

– Det er litt annleis enn slik vi dansar her til vanleg, det er liksom litt meire lett og elegant. Her dansar vi hip-hop og har litt slik «tung» stil, så det var veldig annleis, fortel dei etterpå.

– Vi har ikkje prøvd jazz eller moderne dans før, men vart absolutt enda meire frista til å søkje, seier dei to dansarane.

Det likar dei fire andreklassingane i Risus, som har fått lov til å bruke dansesal hjå mentor for UB-etableringa, Loftet-innehavar Juliane Bay.

Ho tykkjer det er moro å hjelpe dei unge dansarane. Støttespelaren har også fått t-skjorte med mottoet på.

– Dette er fyrste «oppdraget» vårt, og noko vi tenkte vart lurt, sidan mange av dei som dansar her til vanleg lurar på korleis danselina er, sidan vi ikkje dansar hiphop eller urban der, seier dei.

Dans for alle aldre

Dei fire (som eigentleg er fem, men ei er ikkje med i dag)er også faste på Loftet, og ønskjer å bruke elevbedrifta si til å spre danseglede til alle.



Så dei er opne for å koma til barnehagar, eldresenter eller kvar som helst, anten det er til undervisning eller oppvisning.

– Mottoet vårt er «Dans og glede åt ælle», og vi har fått støtte av ungdomsrådet til å lage t-skjorter, og til å koma oss rundt når vi får oppdrag, fortel dei.

Skulefag i to år

Ungdomsbedrifta er skulefag, og dei skal halde fram med bedrifta fram til og med neste skuleår.

Fyrste oppdrag var så vellykka at fleire av dei åtte «elevane» deira heldt fram etter timen var slutt, til tonene av Flashdance, som nå går som musical i Oslo.