Ho får Sør-Fron kommune sin kulturpris

Liv Bjerke får kulturprisen for sin lidenskap for å skape møteplassar for barn og unge i kommunen.

Liv Bjerke får Sør-Fron kommune sin kulturpris for 2018.  Foto: Bjørn Kjellsson Sletten

Nyheter

Formannskapet i Sør-Fron  vedok måndag å tildele Liv Bjerke kulturprisen for 2018. Bjerke er dirigent for Hundorp musikklag, og tidlegare har ho dirigert Sør-Fron skulemusikk. I 2005 var ho med på å starte opp Sør-Fron barnekor.