– Skal lande på ein ny «normal»

Det er berre to veker sidan Nils Petter Reinholdt sist møtte ungdom som var ramma av Utøya-terroren.

Bidreg: Nils Petter Reinholdt frå regionalt ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsforebygging er glad for å få lov til å bidra i krisehandteringa Nord-Fron og Vinstra står oppe i. Reinholdt har jobba med krisemeistring i 30 år, mellom anna etter Utøya-terroren.  Foto: Guro Vollen

Slike hendingar vil alltid utløyse et enormt informasjonsbehov, for dette er jo i utgangspunktet ei uforståeleg hending.

Spesialrådgjevar Nils Petter Reinholdt
Nyheter

Nå er han i Nord-Fron, for å hjelpe til i krisearbeidet i etterkant av drapet for ei veke sidan.

Spesialrådgjevaren har jobba med både dei som var direkte ramma og hjelpeapparatet rundt, etter terrorangrepet, og saman med fleire andre er han inne for å hjelpe til kommunen og andre aktørar i handtering av hendinga.

– Unikt

Reinholdt har vore på her sidan måndag, og har når vi snakkar med han tysdag ettermiddag møtt veldig mange folk. Han seier det er gjort veldig mykje godt arbeid på alle nivå, ikkje berre profesjonelt.

– Det som slår meg her er at kommunen synte aktivt og tydeleg leiarskap veldig fort. Dette er utruleg viktig når så vonde ting rammer et lokalsamfunn, seier han.


- Alt av reaksjoner på ekstreme hendelser er normalt

Knivdrapet på Vinstra etterlater mange spørsmål og vonde tanker. Psykolog Karin Boson har flere råd til voksne om hvordan de kan møte spørsmål fra barn og unge.


– Kommunikasjonen ut, frå både ordførar og politi om at vi her har ei hending med berre ofre, formidlar omsorg, er også viktig.

Etter arbeidet med Utøya veit han at det ikkje alltid er tilfellet.

– Erfaringane frå der viste at det var store variasjonar i korleis kommunane handterte oppfølginga, seier han.


For kvarandre

Den tydelege omsorga kjem til uttrykk på mange måtar; elevar og ungdom som tek vare på kvarandre, foreldre, lærarar, skuleleiing, helsepersonell, kommunalt tilsette, vanlege folk i Nord-Fron og nabokommunane som stiller opp, gjer ein innsats og viser at dei bryr seg. Det er ein tryggleik om at ein er der for kvarandre.

– I ei slik krise vil det vera ulike behov, og ulike fasar. Nå krevst det ekstraordinær innsats, seier han.

– Det kjem også fleire fasar, og framover vil det òg bli utfordringar som må handterast, seier han.

I starten er det viktig å møte behovet for informasjon.

– Slike hendingar vil alltid utløyse et enormt informasjonsbehov, for dette er jo i utgangspunktet ei uforståeleg hending, seier han.

– Det finst ingen quick-fix, ein må leve gjennom denne smerta. Men vi menneske har gode reparasjonsmekanismar, og det er viktig å tenkje at ein kan leve gode liv også etter ei slik alvorleg hending. For mange vil det prege livet framover og ein vil måtte tilpasse seg ein ny «normal» situasjon, seier Reinholdt.

Fortsatt etterforskning på Vinstra

Politietterforskningen pågår fortsatt, en uke etter knivdrapet på Vinstra.