To år sidan - kva har skjedd ved Vik?

To år sidan transportbilen vart treft av toget: Overgangen like usikra

Det til trass for at Bane Nor på spørsmål frå Dølen seier denne planovergangen har høg prioritet hjå etaten.

VIK: Planovergangen ved Vik i Kvam har ikkje fått betre sikring i etterkant av hendinga 3. november 2016. Planovergangen er samstundes einaste veg ut og heim for fem personar.   Foto: Guro Vollen (arkiv)

Nyheter

Ulykka ved Vik i Kvam, 3. november 2016, var den andre på under ti år.

Ein dyretransportbil vart treft i bakenden av toget, og kasta 180 grader rundt. Bilen var på veg for å hente livdyr på Vik, og hadde allereie fleire kyr inne i kapellet, som fekk heile bakenden flerra av.