Julemessa på Venaheim blir matmesse

Ut med strikkalabber og pynteting, inn med lokal mat av alle slag

- Folk har gjerne nok av ting, men alle har bruk for mat, tenkte bygdekvinnelaget i Venabygd, og lagar matmesse til helga.

Matmesse: Mat for både fugel og folk på matmesse i Venabygd til helga. Frå venstre Inger Furusæter, Pernille Kalseth, Aud Haugstad og Siri Korsbøen Haugstad i Venabygd bygdekvinnelag.  Foto: Privat

Nyheter

I over 30 år har det vore julemesse på Venaheim, men i år blir det altså ei matmesse, med lokale produsentar av mat til både folk og fugl.

Kornbanda borgar for julestemninga, og matleverandørar frå nær og litt fjernare kjem med all slags godsaker.