Tingretten har sett av tid til drapssaken

Rettsaken mot den drapssikta 16-åringen frå Vinstra skal opp i Nord-Gudbrandsdal tingrett i juni. Det melder tingrettsdommar Ingulf Nordahl tysdag.

Det er sett av to veker i juni til drapssaken på Vinstra. Biletet er frå ei pressekonferanse etterforskingsleiinga hadde ein av dei fyrste dagane etter hendinga 31. oktober.  Foto: Silje Josten Lien/arkivfoto

Nyheter

Nordahl fortel at det er reservert to veker i juni til saken. Ein 16-åring frå Vinstra er sikta for drapet på jamngamle Laura Iris Haugen 31. oktober.

- Det er etter tilmoding frå statsadvokaten, for å vera sikker på at vi kan behandle saken så fort den er ferdig etterforska, seier Nordahl.