Gålåsprinten fekk kalde i grevens tid:

Kanoninnsats redda løypene til Gålåsprinten

Både snøkanonar og kanoninnsats frå løypeleggjarane, gjorde at løypene til helgas Gålåsprinten vart ferdige i tide. Men det var berre så vidt.
Nyheter

Det var nemleg att berre ti minutt før fyrste offisielle trening torsdag, da løypene var ferdig lagt, kan løypesjef Lars Wadahl fortelje.

- Løypene var ferdige ti på to, fyrste trening var klokka to. Bra timing, seier han med eit smil.