Loftet danseshow overraska med Tellefsen på scena

Danseshowet til Loftet "sto i brann"

Ikkje berre fordi brannvesenet sto på scena, eller at alle dei tjue grupppene dansa så det lukta svidd, men også på grunn av overraskinga på slutten, der Arve Tellefsen plutseleg dukka opp i eit nummer.
Nyheter

Dette kom heilt på slutten av eit ellers tullete bra show, med ei vanvittig danseglede frå ende til annan. Neste danseshow må kanskje berre droppe stolar i salen; snart dansar heile Midtdalen med.

Tellefsen rett frå London

Overraskinga var stor, da fiolinist Arve Tellefsen, rett frå konsert i London, kom inn på scena i Vinstrahallen. Saman med drømmestipendmottakar Sondre Moshagen og tidlegare loftetinstruktør og proffdansar Magnus Emaka Einang, vart det ein kombinasjon av dans, el-piano og fiolin som begeistra publikum. Og dei tre hadde aldri stått på scena saman før. Dei møttes  til ei kort øving medan køa utanfor Vinstrahallen snodde seg opp til parkeringa, i forkant av showet.