Eit namn ei dronning verdig

Da «Nordmarkas dronning», Sonja Helene Vole, skulle få namn, var alle forbokstavana til oppattkalling brukt opp.

Bildetekst: Dette er en bildetekst som kan gå over tre linjer som her.  Foto: Privat

Nyheter

Da Sonja Helene Vole vart fødd som siste av fire sysken, var forbokstavane til oppattkalling av besteforeldra brukt opp.

– Så du er ikkje oppattkalla?

– Nei, Sonja veit eg ikkje korleis dei fann på, og Helene var ei tante av far som utvandra, meiner eg.

– Var det mange som hadde same namnet som deg?

– Nei, fyrste gongen eg traff nokon anna Sonja var eg sikkert ti-tolv år. Det var inga Sonja i Bøverdalen der eg voks opp! Ikkje Helene heller, det eg veit.

– Og i utlandet går det greit?

– Ja, det går bra! Seinast nyleg, eg kom att førre sundag, eg fekk nemleg tur til bursdagsgåve.

– Visste du om namnedagen din?

– Ja, eg visste det var ein gong i november, men eg har ikkje hekta meg ved det. Ikkje noko eg feirar!

– Du har også vore kalla dronning, før den andre Sonja med den tittelen?

– Ja, eg dreiv Skjennungsstua som Gudbrandsdalslaget eigde, aleine, med to små ungar. Eg trur det var når eg skulle slutte at eg fekk ein sang, der dei kalla meg «Nordmarkas dronning».

– Har du alltid vore nøgd med namnet ditt?

– Ja, det har eg. Og dei fleste kallar meg nok berre Sonja, men eg skriv Sonja Helene sjølv når eg skriv. Det blir ein vane kva ein blir kalla.


Namnedagar den neste veka

Sofie og Sonja - Sofie kjem av det greske ordet sophía, som betyr «visdom». Sonja er opphaveleg ei russisk kjæleform av dette namnet. 

  • Fredag: Andreas og Anders
  • Laurdag: Arnold, Arnljot og Arnt
  • Sundag: Borghild, Borgny og Bård
  • Måndag: Sveinung og Svein
  • Tysdag: Barbara og Barbro
  • Onsdag: Stine og Ståle