Viweb opna att på Vinstra

Nettbutikken står imidlertid på vent ennå. Verksemda ventar på ny leverandør, fordi den førre har blokkert vinstrabedrifta, i følge Viweb.

Opna: Kari Anne Lien Fernandes pynta butikken til advent måndag. Nå jobbar bedrifta med å få på plass ny leverandør.   Foto: Silje Josten Lien

Nyheter

Som varsla på facebooksidene til butikken, var dørene tilbutikken på Sødorptunet opne att måndag denne veka, etter å ha vore stengt sidan byrjinga av november. Kari Anne Lien Fernandes pynta til advent i butikklokala, da Dølen var innom.

 - Butikken er opna, men vi jobbar for å få ny leverandør for å få starta salet att. Vi har framleis full blokkering frå den gamle leverandøren, seier Fernandes, som driv butikken saman med ektemannen Paulo.