Amund vart til «Mannen med touchen»

Mange i Kvam har eit oppnamn. Det har ikkje Amund Harstad Jensvoll, men eit slags tilnamn har han også fått.

Amund Harstad Jensvoll frå Kvam skal ha ei tradisjonell julefeiring med familie både på Skogn og heime i Kvam.  Foto: Privat

Nyheter

Amund Harstad Jensvoll frå Kvam har alltid vore ein habil og ivrig fotballspelar. Eit tilnamn fekk han etter ein god presetasjon på fotballbanen.

– «Mannen med touchen» sit att etter at eit 60 meters mottak på, den gong nye, Linflåa kunstgras. Elles har eg ikkje hatt kallenamn, anna enn at nokre brukar etternamnet mitt, fortel Amund.

– Heiter du opp att etter nokon?

– Namnet har vel ein assosiasjon til oldeforeldre med same førebokstav, men ikkje noko direkte. Kvifor det vart nettopp Amund, veit eg ikkje.

– Namnet betyr «respekt» og «beskyttelse». Kven har du mest respekt for, og kven beskytter du?

– Eg blir vel fort huslaus om eg ikkje svarar noko anna enn «sambuaren» på båe spørsmåla her?

– Kva gjer du til dagleg?

– Eg bur for tida i Trondheim og jobbar for det meste med sal.

–Kva gjer du på fritida?

– Da går det mest i fotball, musikk og diverse aktivitetar med vener og kjente.

– Kvar skal du feire jul, da?

–I år skal eg feire med far min på Skogn. Det blir nok ei tradisjonell jul. Og sjølvsagt skal eg også heim til Kvam ein tur i romjula.

– Og kva ønskjer du deg under treet?

– Med fare for at eg sit att med eit par kilo ekstra om livet etter nyttår, har eg ønskt meg nye klede. Gjerne med byttelapp!