Julia frå Kent i England fann draumeplassen i Brekkom: Ein hovslagar i verdsklasse

Ein kald og rosavakker morgon på Ner-Romsås i Brekkom, går Julia frå Kent i England rundt på eit jorde, med hunden Scott gjetande på norsk spælsau.

På trass: Det er tungt arbeid, men Julia har teknikk og handlag etter femten år i yrket. – Eg er her fordi nokon sa «oh, no, darling» og på det viset vifta eit raudt flagg, seier ho.   Foto: Guro Vollen

Nyheter

Det er morgontreninga kvar dag. Før Julia Cheney slepper ut sauane frå fjøset og set seg i arbeidsbilen, for å reise ut til ein stall i nærleiken. Den spesialinnreidde bilen har esse og alt av utstyr ein hovslagar treng, og den fartar ho dalen mellom Lillehammer og Vinstra i.