Ordføraren fekk Dølens førjulshelsing: - Denne deler eg med dykk alle saman

Rune Støstad tok imot Dølens siste julehelsing tysdag, men med blanda kjensler.

Sett ut: Rune Støstad skulle eigentleg i gang med innleiing på statusmøte med dei som har vore involvert i krisearbeidet på Vinstra i haust. Blomehelsinga var han snøgg til å dele med alle dei andre tilstades.   Foto: Guro Vollen

Nyheter

Til Dølen hadde lesarane sagt klart i frå, med veldig mange meldingar. Ord om Støstad som raus, samlande, tydeleg og medmenneskeleg, vart meldt vidare til ordføraren.