«Skulen før i tida» - del 1

Den gongen skulevegen var som ein ekspedisjon: - Vi brukte nok ein og ein halv time frå heimen

På byrjinga av 1990-tallet vart mange eldre, i heile Gudbrandsdalen, intervjua, for å kartlegge ulike sider ved skulegangen, slik den var tidleg i århundret.

Ungdom i Kvikne: Frå eit ungdomstreff i Kvikne fyrst på 70-tallet - enten på bygdahuset eller Graupe skole. Her er det nok mange som kjenner igjen både den eine og den andre. 

Nyheter

Dette er den fyste av fleire artiklar som omhandlar skulen før i tida.

Tanken var å få eit perspektiv på skulegangen, sett frå elevane sin ståstad. Spørsmål som ein søkte å få svar på var til dømes: Korleis var skulehusa som vart nytta? Kva lærte dei? Og kva slags sosiale/økonomiske forhold levde dei under? Og kva slags skuleveg hadde dei? Dei som vart intervjua vart delvis anonymisert, men det er brukt fornamn her og der, utan at det kanskje var dei rette namna som vart nytta. Vi kan òg identifisere midtdøler gjennom stadsnamn som er brukt

Graupe skole: Her i skoleåret 1977/78 med fyste andre og tredje klasse: Anita Vaterland, Iver Rune Sletten, Frank Varpestuen, Bente Varpestuen og Rune Magnar Bjørkheim. Lærer er Åse Berit Jevne.   Foto: Else Sletten

Jubileum Kvikne skole: Faksimile frå Dagningen da Kvikne skole feira 25 år. Lærarane er Gudrun Silli og Steinar Løkken. Elevane er frå fyste til fjerde klasse. 

 

Skulevegen- lang og slitsam

Skulevegen kunne vere reine «ekspedisjonen», særleg for ungane som budde i utkantgrendene. Ei jente som er nevnt under navnet «Anna» fortel :

«Skulevegen var frå langt oppe i baksida i Kvikne. Fyrst var det bratte bakkar ned til elva frå garden, for så å måtte gå over ei lita gangbru. Dernest var det å klatre opp dei bratte jordene i Kvikne, for å koma på hovudvegen, og då var ein mesta framme. Eg veit ikkje kor mange kilometer det kunne vere, men vi brukte nok ein og ein halv time til skulen frå heimen»

På Sør-Fron var det ungar som hadde enda lenger veg. Ein «August» fortel:

«Eg veit om ein familie som hadde lang veg. Det var to mil fram og attende. Dei gjekk då over fjellet. Det kunne vere stygt vèr mange gonger»

Mange har informert om at dei ofte var både kalde og våte når dei kom fram til skulen. Klede og sko var berre slik ymse, og det var kø framfor omnen i skolestova for å få attende varmen i kroppen. Verst var det for jentene som måtte vassa i djupsnogen i korte kjolar.

«Internering»-Overnatting

Summe hadde så lang veg at det ikkje fantes veg utanom overnatting. På enkelte av skulane var det rom, eller kammers som var beregna på desse. Dei færraste ville imidlertid bu åleine i skulestugu, om det ikkje var heilt naudsynt. Eit alternativ var å hospitere hjå slektningar. Til dømes budde ungar frå Espedalen burte heile veka. Ei jente fortel at ho heldt hus hjå besteforeldra:

«Eg syntes det var morosamt å begynne på skulen, men dei to fyrste åra budde eg i Tverrbygda saman med besteforeldra mine. Det var ikkje berre moro å vere burte frå foreldra sine når ein var så liten. Eg hugsar godt at eg gret i blant etter å ha vore heime i helgene».

Kongsli: Kongsli-gardene opp mot Vinstradalen. 

 

Skyss med sau og slede

Skyss til skulen var ikkje vanleg. Likevel hendte det, om det var styggkaldt, at nokon tok fram langsleden og sette av gårde ned liene og dalføra. På vegen vart alle som stavra seg fram plukka opp.

Ein som kallast «Anfinn» ordna seg eigen, original skyss:

«Eg hadde ein stor sau med slede bakpå som eg køyrde med til skulen, og eg var ute og stelte han i friminutta. Dei er sterke dei skjøner du. Det hende ofte at ei jente frå oppi Kongsligarda oppe i høgda fekk skyss med meg heilt bortover åt prestegarden. Det tok ikkje mange minutta å køyre heimatt, for da stunda han heimatt og det gjekk i firsprang heile vegen. Det var berre eg som køyrde sau på den skula eg gjekk på, men det var mange stader det var vanleg på den tida»

Skoleklasse: Lærar Martinius Høgåsen med elevar på Kjørumskulen nord for Kvam. 

Skoleveg: Mange elevar i Vinstradalen kunne ha ein utfordrande skuleveg. Her ved Korpberget, eller Høgberget, som også blir brukt. 

 

Skumle lydar langs skulevegen

Ei jente fortel at ho fleire gonger kom nær dyrelivet langs skulevegen. Ein gong var det eit dyr i nærleiken av råket ho gjekk, som bråka og skreik slik at ho vart redd og sprang heimatt. Far hennar meinte det kunne vere elg, og ein stakkars elg var nå vel ikkje farleg, så da vart det berre å prøve på nytt. Ein anna gong hadde ein bjørn kryssa skulevegen eit stykke framfor ho. Faren hadde sett spora men hadde ikkje sagt noko, for da ville ho ikkje turt å gå.

Andre elevar nytta høvet langs den lange skulevegen til å drive med småviltjakt :

«Eg gjekk ofte om skogen på vegen til skulen, og om vinteren sette eg ut ekornfeller. Fekk eg ein i fella, så stappa eg han i skreppa og tok han med til skulen. Ein gong vart det mykje lopper i klasserommet av dette og eg fekk sjølvsagt skulda»

Transport: Dei færraste hadde dagleg skyss med spisslede eller anna framkomstmiddel til skulen. Sau og slede vart og tatt i bruk. 

 

Store kontrastar

Det som slår ein ved gjennomgang av intervjumaterialet er kontrasten mellom kvardagen for ungane i distriktet. Frå dei som brøyter seg igjennom djupsnogen, opp og ned liene i Vinstradalen, til ungane som kan rusle eit par kvartal gjennom Lillehammer, stoppe ved trykkeriet til avisa «Gudbrandsdølen» og gjere avtale om å gå med avisa for å