Fekk utmerking frå bedrifta:

- Ein alltid positiv og kreativ arbeidstakar

Ole Kristian Prestmoen har vore tilsett på Tveit smie gjennom femti år, og ved julebordet til bedrifta fekk han ei merksemd i samband med at han blir pensjonist, og forlet plassen sin ved essa hjå Tveit.

Takka: I femti år har Ole Kristian Prestmoen jobba hjå Tveit smie.  Foto: Privat

Nyheter

Dagleg leiar ved Tveit smie, Hege A. Tveit, tykkjer det er på sin plass å feire ein arbeidsgjevar som har vore med så lenge.

– Ole Kristian har jobba her i femti år, og er alltid ein veldig positiv og kreativ fyr. Same kor rare idear ein kjem med til han, er svaret, ja, men det kan vi vel ordne, seier dagleg leiar Hege A. Tveit.

Prestmoen har heller ikkje vore borte frå arbeid nesten ein einaste dag, kan arbeidsgjevaren fortelje.

Prestmoen fekk overrekt ei utmerking ved bedriftas julebord den 8. desember, i form av ein litografi av lillehammerkunstnaren Anne Kristine Thorsby.