Navnedag:

Ein krumtapp av ein spelemann

Kallenamnet til Roger Slåstuen er kanskje ikkje heilt tilfeldig.

Bildetekst: Dette er en bildetekst som kan gå over tre linjer som her.  Foto: Silje Josten Lien/arkiv

Nyheter

Fredag har Roger Slåstuen namnedag, og at akkurat dette vart namnet på spelemannen som bur på Vinstra, var tilfeldig, fortel han.

– Foreldra mine hadde valet mellom fleire namn. Elles har eg namnedag på bursdagen til bestefar i Kvikne, som gjekk bort for nokre år sidan.

– Har du hatt noko kallenamn?

– Eg er trass alt i frå Skåbu, der mange har «klappenamn», så eg har hatt fleire kallenamn opp gjennom åra. Eit namn ein nabo brukte, var Roger Krumtappen. Det høyres eigentleg ut som det var Aukrust-inspirert, men mogleg det kom av at vi budde ved Olstappen i Skåbu.

– Namnet tyder ære og spyd. Kva legg du i dette?

– Ei stor ære for meg blir å ta i mot Nord-Fron kommune sin kulturpris. Elles er eg ein dårleg jegar og krigar. Men eg kan godt krige der eg veit at det blir gjort urett.

– Du trivst betre med fele enn med spyd?

– Ja, og fela har forma mykje av det eg har drivi med. Den har gjort at eg har vore rundt i verda, som i Zimbabwe, Amerika g Egypt. Den har gjort at et har kome i kontakt med mykje folk, og eg har hatt også fått spele for folk både i glede og sorg.

– Vi må få høyre om du har noko nyttårsforsett?

– Som mange andre år er det å gå ned nokre kilo. Ser ein attende, så er ikkje utiktene gode for at eg klarer det, men ...