Eit tent ljos for kvar råka i trafikken

Eit ljos vart tent langs riksvegen for kvar omkomne og skadde i trafikken i Oppland i 2018, under ulykkesmarkeringa i Bismo tysdag.

Ljos og faklar: Det vart tent eit ljos for kvar omkomne og skadde i trafikken i Oppland tysdag.   Foto: Hans Erik Kjosbakken.

Nyheter

Oppland fylkes trafikksikkerhetsutvalg (FTU) arrangerer kvart år ei ulykkesmarkering til minne om dei som omkom i trafikkulykker i Oppland i 2018.

I år var markeringa lagt til Skjåk. Det var den 23. markeringa i rekka. Markeringa skal også vera ei støtte for pårørande, trafikkskadde og yrkespersonell som til dagleg arbeider med trafikkulykker. Markeringa vart i år gjennomført i samarbeid med Skjåk kommune og Den norske kyrkja. Leiar i FTU, Gunnar Tore Stenseng, opna markeringa i Bismo.

Fire personar omkom i opplandstrafikken i 2018. 44 vart hardt skadde.