Gløym 17. mai, nyttårskonsert er drivkrafta

Om du lurar på om korpsmusikantar berre tyt fram frå skapa klare for våren i slutten av april, må du tenke om att. Denne gjengen her ønskjer å gje deg gåsehud , og da spelar dei opp til nyttårskonsert.

Heilårs: Hundorp musikklag har meir oppi ermet enn Gammel jegermarsj, Ja, vi elsker og Fedrelandssangen. Fredag inviterer dei til konsert med eit slagverkforsterka ensemble og Halvdan Sivertsen i Sør-Fron kyrkje. Nyttårskonserten har vorte ein tradisjon, og dirigent Liv Bjerke håpar på fullt hus.   Foto: Guro Vollen

17. mai er ikkje viktig for oss, det er arbeidet gjennom heile året med å lage noko som gjev folk gåsehud, som er drivkrafta.

Liv Bjerke, dirigent
Nyheter

Halvdan Sivertsen har aldri spela konsert her i dalen før. Fredag er han her, på invitasjon frå Hundorp musikklag, og det i sjølve Gudbrandsdals-domen.