«Rolven» sidan barneskulen

Kun telefonseljarar kallar ham ved døypenamnet.

Bildetekst: Dette er en bildetekst som kan gå over tre linjer som her. 

Nyheter

Rolf Sigmund Krogstad frå Moagrenda i Kvam, blir nesten forundra når nokon kallar han Rolf Sigmund. Kallenamnet har vore med sidan barneskuletida i Skjåk.


Navnedagar den neste veka

Sigmund og Sigrun - Båe av norrøne sigr; siger. Sigrid tyder sigerrøyndom, etter -run; røyndom. Sigmund blir sigervernar etter -mundr; vern.

  • Fredag: Børge og Børre
  • Laurdag: Nelly og Nataniel
  • Sundag: Gisle og Gislaug
  • Måndag: Herbjørn, Herbjørg og Herborg
  • Tysdag: Laurits og Laura
  • Onsdag: Hjalmar, Hilmar og Hassan
  • Kjelde: Norske navnedager/Wikipedia

– Dei fleste kallar deg berre Rolve eller Rolven?

– Det er som regel telefonseljarar når nokon seier heile namnet ja. Eller Dølen, da.

– Korleis fekk du Sigmund som mellomnamn?

– Ja, det er litt spesielt. Eg hadde eit søskenbarn som om lag 20 år eldre enn meg, som omkom i ei trafikkulykke da han var 14. Han heitte Sigmund, og da far min fekk sin eigen gut så seint som da han var 50, vart eg oppattkalla etter han. Far min heiter også Sigmund, så det er vel dobbelt.

– Namnet betyr noko slik som ein som vaktar sigeren/sørger for siger. Er du ein slik?

– Det må nesten andre seie noko om, men eg var allefall veldig dårleg til å tape i fotball.

– Kjenner du mange med same namnet?

– Det var einast nokre gamle karar heime i Skjåk, det var nok vanlegare før. Ingen på heile skulen i alle fall.

– Har du vore nøgd med namnet ditt?

– Tja, ikkje supernøgd kanskje, det er litt tungvindt å seie. Må alltid ta det opp att i telefonen. Etter kvart blir vel dei fleste nøgde, når ein skjønar at namnet kan bety noko for nokon annan enn seg sjøl.