Ringbyggingane i Slaget i Kringen

Når eg vil forsøke å skrive litt om «ringbyggingar som har sett spor etter seg», så er det naturleg å starte med dei fyrste namngitte ringbyggingane vi finn i skriftlege kjelder utanom namn i skattelister o.l.

Ringbyggingane: Frå framføringa av eit spel som ringbyggingane hadde på St. Hans-festen på Maihaugen i 1960. Rundt bordet ser vi frå venstre: Bernhard Hovstad som Peder Randkleiv, Bjarne Lien som Berdon Segelstad og Varda Hovstad som husfrua på Randkleiv. Fremst sitt Arne Gunstad spela av Paul Høye. 

Nyheter

Eg vil tilbake til 1612 og slaget i Kringen der ringbyggingane Peder Randkleiv, Berdon Segelstad og Arne Gunstad gjorde seg bemerka. Historia om Slaget i Kringen er ei god blanding av historiske fakta og sagn, men utan tvil så er Peder Randkleiv og Berdon Segelstad historiske personar. Dei fekk gardane dei brukte til odel og eige av kongen for innsatsen sin i Kringen.