Blir presentert for regionrådet torsdag:

Biogassprosjekt i emning - kan bli anlegg til 117 millionar kroner på Frya

– Vi er jo nødt til å gjera noko anna enn å halde fram med å brenne denne fossile olja, seier meierisjef Oskar Aarnes på Tine, som ønskjer eit biogassanlegg på Frya velkome.

Naudsynt: – Vi må tenke slik som dette framover, og vi i Tine har som mål å brke kun fornybare drivstoffkjelder på bilane våre innan 2025, seier meierisjef Oskar Aarnes .  Foto: Guro Vollen

Nyheter

Meierisjefen på Frya er begeistra for biogassprosjektet (sjå faktaboks) som er i emning i nabolaget til meieriet, og er klar på at det er veldig interessant for Tine, å bli mottakar av det ferdige drivstoffproduktet i bilane sine.