- Miljødirektoratet tek ikkje klaga til følge. Det er lagt vekt på at nasjonalparkstyret sitt vedtak er i samsvar med retningslinene i forvaltningsplanen og dei faglige uttalene frå kulturminnemyndigheitene, heiter det i vedtaket frå direktoratet.
Det blir opp til styret i Rondane-Dovre nasjonalpark, som Frydalen landskapsvernområde høyrer inn under, å setje fast kva som eventuelt blir av sanksjonar for byggets eigar, plan- og byggesaksleiar i Nord-Fron kommune, Hanne Hvattum.