Gründerpar startar Gudbrandsdalen damp - ser etter butikklokale på Vinstra

Samboerparet Sara Langrusten og Joachim Stenseng brukar eigen erfaring som bakgrunn, når dei nå utvidar gründerverksemda ved å satse på dampsigarettar.

Gründerer: Joachim Stenseng og Sara Langrusten ønskjer å teste ut marknaden for e-sigarettar. Dei har starta nettbutikk, men ønskjer å finne eit eigna lokale på Vinstra for å opne butikk.   Foto: Privat

Nyheter

– Det er ein auka marknad for dampsigarettar, og eg har sjølv erfaring med det, og er aktiv i miljøet, fortel Langrusten. Til dagleg driv ho og Stenseng bedrifta SJ Profilering og Design. Nå kjem den nye bedrifta, Gudbrandsdalen damp, inn under denne.