Ringbyggingar som har sett spor etter seg – del 2

Blomstermesteren fra Ringebu

Kristen Erlandsen Listad, 1726 -1802, var nok meir frøning enn ringbygging, men eg tek han med her likevel ettersom han fekk dette namnet.

Gåve: Kista er ifølge innskrift frå 1784, og var ei gåve frå Kristen til hans dotter Sigri Christensdatter Listad. 

Nyheter

Det hadde seg slik at riksarkivar Harry Fett kom over så mykje spesiell og vakker treskjering frå Ringebu, på Maihaugen, på Norsk Folkemuseum og i det Nordiska Museet i Stockholm, som han ikkje fann fram til kven som hadde laga. I mangel av namn på kunstnaren så vart han kalla «Blomstermesteren fra Ringebu».