Nettportal skal «skreddarsy» frivilleginnsatsen

Vil du dele ein fisketur? Kan du hjelpe nokon med nettbrettet? Da er du i målgruppa for ein frivillegportal Ringebu kommune ønskjer å få til, både for å gjera synleg frivillegarbeid i lag og foreiningar, men også direkte ein-til-ein-tilbod.

På tur: Ein turkamerat kan bli mogleg å finne gjennom ein slik frivillegportal.  Foto: Guro Vollen/illustrasjonsbilete

Nyheter

Kobling mellom brukar og tilbod skal skje gjennom ei digital plattform, også kalla ein portal. Målet er å få fleire og meir synlege frivillege og frivillegtilbod.