Vil ikkje utarbeide eigne drone-reglar

Miljødirektoratet ser ikkje grunn til å utarbeide eigne retningsliner for bruk av droner i verneområde.

  Foto: Arne Nyaas

Nyheter

Det har vore sett fram spørsmål frå beitenæring, reindrift og andre hald, med ønske om at direktoratet skal utarbeide retningslinjer for bruk av droner i verneområder.

I eit brev til kommunar med forvaltningsmyndigheit i verneområde avviser dei behovet for eigne retningsliner.

Direktoratet peikar på at det allereie er gode forskrifter på området.

- I nyare verneforskrifter er det for nasjonalparkar og naturreservat teke inn eit tydeleg forbod mot bruk av droner i forskriftene. I mange eldre verneforskrifter kjem forbudet mot droner fram gjennom andre føresegner , for verneområde som ikkje har noko generelt forbod, vil eit forbod mot unødig uroing av dyrelivet regulere dronebruk, heiter det.

Direktoratet skriv at ulempane og skadepotensialet med bruk av droner er vel kjent, både i høve til friluftsliv og dyreliv. Samstundes kan bruk av droner ha stor nytteverdi, til dømes ved bruk i naturforvaltning og ulike typar næringsverksemd. Dette gjeld ikkje minst når bruk av droner kan redusere køyring på barmark eller redusere bruken av fly/helikopter.

- Miljødirektoratet meiner det er tilstrekkelig regulering av droner i dei fleste verneområde, og at ei eiga forskrift ville bli for generell og til lita nytte i einskildsaker, heiter det.