Han håpar på ein plass i kommunestyret i Sør-Fron

Det er fyrste gong at paritet Rødt stiller med liste i Sør-Fron. Toppkandidat Kristian Finsveen håpar på ein plass i kommunestyret.

På topp: Kristian Finsveen er på topp for Rødt i Sør-Fron. Det erfyrste gongen Rødt stiller liste. Foto: Tone Sidsel Sanden.  Foto: Tone Sidsel Sanden

Nyheter

–Vi såg at det manga eit alternati på venstresida, og difor valde vi å starte Rødt Midt-Gudbrandsdal, fortel Finsveen. Dette skjedde før jul, sidan vart målet å få ei liste i minst ei av kommunene på plass.


MDG stiller liste i Ringebu

Akkurat i tide til fristen for å stille liste, leverte Ingebjørg Øveraasen liste for partiet.

 

Sju på lista

Før fristen gjekk ut, søndag, var listeforslag i Sør-Fron lagt fram.

– Viktige saker å sette fokus på for oss nå blir bompengeproblematikken. Vi meiner det må finnast ei løysing slik at dei som bur her slepp denne utgifta på lokalvegen. Vi skal også stå på for å halde på lokalskulane i Sør-Fron. Så meiner vi også at vi ikkje skal ha private velferdsprofitørar i offentleg sektor, seier Finsveen, som opprinneleg er frå Gausdal, men er busett på Hundorp.

Desse står på lista i Sør-Fron: Kristan Finsveen, Vivien Lundhøj, Jan Lundhøj, Laila Fjelseth, Lene Gryttingslien, Ae-Line Seljordslia og Gunnar Wiig.