Så langt er seks kull registrert

Registreringane som har gått føre seg sidan mars og held fram utover våren og forsommaren, har registrert seks jerveynglingar i Oppland.

Hi: Seks ynglingar av jerv er registrert i Oppland så langt i år, per 16. april.  Foto: Morten Kjørstad/Rovdata

Nyheter

Det kjem fram i eit brev til kommunane frå Fylkesmannen i Innlandet. Tala er per 16. april. Ingen av ynglingane er registrert i Midtdalen, men eitt hi er teke ut i ekstraordinær skadefelling etter vedtak i Miljødirektoratet. Det skjedde i Øyer.

I snitt har det dei siste tre åra vore registrert 5,7 kull i regionen, går det fram av opplysningane på Rovdata.no. Bestandsmålet som er sett opp er fire ynglingar. I 2018 var det registrert fire kull.

Statens naturoppsyn (SNO) kontrollerer kvart år frå mars og utover våren og sommaren hiplassar kor det tidlegere er registrert at jerv har fødd kvelpar. Det blir også lagt ned en betydelig innsats i å leite etter hiplassar i nye område, hvor det ikke er kjente hiplassar frå før.