Sundheim Bo- og treningssenter er stengt for besøkande - seks smitta av norovirus

Heile institusjonen er stengt for besøkande minst ut veka.

Sundheim er onsdag stengt for besøkande.  Foto: Silje Josten Lien

Nyheter

Det opplyser Nord-Fron kommune onsdag morgon. Institusjonen stenger alle avdelingar for besøkande.

Norovirus er ein magetarminfeksjon som er svært smittsam.

Meir opplysningar om viruset finn du her.

Kommuneoverlege Anders Brabrand fortel til Dølen at det onsdag er seks totalt som har viruset.

- Det vart registrert ein med viruset i går, medan i dag er det fem nye utbrot. Dette er altså svært smittsamt. Det er ein fra personalet og fem bebuarar som er smitta, og to avdelingar er ramma, fortel Brabrand.

Restriksjonar

Det er onsdag teke prøver av dei som er råka.

- Alle som nå er smitta er isolert. Vi innfører ekstra strenge rutiner knytt til matservering, handhygiene og reinhald. I tillegg ønskjer vi ikkje besøkande, fordi dette medfører auka risiko for smitte. Men dersom det er nokon som har spesielle grunnar til at dei vil på besøk, ber vi dei om å ta kontakt med oss, seier Brabrand.

Det vert også sendt ut informasjon til dei pårørande onsdag. Det blir gjort ei ny vurdering av situasjonen torsdag.

- Veit de kva som kan vere smittekjelda? Kan det vere drikkevatnet, for eksempel?

- Nei, det blir i så fall berre spekulasjonar. Men vi trur ikkje det er drikkevatnet, da ville nok fleire vore smitta. Vi fekk ein smitta i går, og heile fem nye i dag, så om det fortsett slik, vil det bli mange etterkvart. Difor vil vi halde på strenge restriksjonar, i alle fall ut denne veka, seier Brabrand.