Grasrotandelen ti år i mars: Desse har fått mest hittil i år

Fyrste mars var det ti år sidan «grasrotandelen» i Norsk tipping vart innført. Sidan har ein liten del av innsatsen til alle som tippar berre auka. Her kan du sjå kven som får mest av lag og foreiningar i Midtdalen dei fyrste fire månadene i år.

På topp: Kvam il i fint driv på GS-cup, med J9 frå 2016.  Foto: Bjørn Sletten/arkiv

Nyheter

Så langt i år har over 1,2 millionar spelarar gjeve bort sju prosent av innsatsen sin til ein grasrotmottakar. Det betyr at Norsk Tipping får fordele 228,4 millionar kroner på ulike lag og foreiningar i heile landet. I Midtdalen utgjer det over 644 000 kroner.