Plastfri 17. mai er målet i Ringebu, og dei får svar frå isprodusent

Som vi har skrive tidlegare, i Ringebu har dei tatt mål av seg til å få til plastfri 17. mai – i alle fall vil dei strekkje seg etter det på fleire område. Nå svarar ein av dei største isprodusentane på oppfordringa.

Hurra: I staden for plasteffektar, går marknadsforeininga og 17. mai-komiteen saman om større og meir varige premiar til sekkeløp og andre aktivitetar på nasjonaldagen. Nå får ungane lodd til trekninga når dei deltek. F.v. Siv Sviland Høye, komiteleiar; Hans Dalberg, Sport 1; Eli Røen, Trend Ringebu; Inge Asphoug, Libris og Elisabeth Aanstad, komitemedlem.  Foto: Guro Vollen

Nyheter

I morgon er den store dagen her, og 17. mai-komiteen i Ringebu står klar med ny vri på premiebordet, matbordet og med resirkulerbar iskrem-emballasje. Plastkuttet deira blir ønskt velkomen av  ein av dei største produsentane, som lovar å kutte i plastbruken sin.