Ringebu vil ha plastfri 17. mai: Oppfordrar naboar og isprodusentar til kutt

I Ringebu har dei tatt mål av seg til å få til plastfri 17. mai – i alle fall vil dei strekkje seg etter det på fleire område.

Hurra: I staden for plasteffektar, går marknadsforeininga og 17. mai-komiteen saman om større og meir varige premiar til sekkeløp og andre aktivitetar på nasjonaldagen. Nå får ungane lodd til trekninga når dei deltek. F.v. Siv Sviland Høye, komiteleiar; Hans Dalberg, Sport 1; Eli Røen, Trend Ringebu; Inge Asphoug, Libris og Elisabeth Aanstad, komitemedlem. Foto: Guro vollen 

Nyheter

Nasjonaldagen nærmar seg, og 17. mai-komitear over heile landet spring rundt for å få sponsorgåver til sekkeløp og andre barneaktivitetar på den store dagen.