Ole Bronn (1759 – 1844) var med og starta Kongsberg Våpenfabrikk.

Eg likar å si at den industrialiseringa som skjedde i Norge tidleg på 1800-talet, den starta i ei lita smiu nedi Forrbru’n.

Garden og plassen: Forrebrua tidleg på 1900-talet. Den låge stua til høgre, som nå er restaurert, er barndomsheimen til Ole Bronn. 

Våpenkunst: Gevær laga av Ole Bronn i De Sandvigske Samlinger på Maihaugen. 

Smiua: Den gamle smiua i Forrebruen som sto til ut på 1960-talet. 

Aker Mek: En kjent norsk industrigigant. Det opphavlege verkstedet til Aker Mek. Verksted ved Akerselva, før det flytta til Vika i Oslo Sentrum. Frå Wikepedia. 

Portrett: Ole Bronn 1759-1844, måla av sonen Stephanus Conradus Bronn i 1831. 

Gravsted: Gravminne til Ole Bronn på Kongsberg kyrkjegard. »Herunder hviler det jordiske af Rustmester og Dannebrogsmand Ole Bronn født i Gulbrandsdalen d. 31. October 1759 . død paa Kongsberg d. 20. Januar 1844.Fred med dit Stø». 

  • Hemgrenda 2006. Nic. Knudtzon: Fra håndverk i Ringebu til industri i verden.
  • Halvor Aaby: Ringebu. Heim og folk. Kjønnås.
Nyheter

Smiua sto fram til på 1960-talet, og her har det vore hamra ut mye metall gjennom fleire hundre år. I Forrebrua har det vore smedar i generasjonar.

Ringebu-smeder

Da opplysningsmannen og historikaren Gerhard Schønning for gjennom dalen i 1775, skriv han: «Ringbyggerne ere for Resten flittige og arbeidsomme. Blant dem findes ret skiønne Smedde, de arbeide ogsaa i Sølv, lige til Filegran-Arbeide». Schønning kom nordantil og Forrebrua var første plassen han kom til i Ringebu, og at han trefte smed her, må ein gå ut i frå. I Nordiska Museet i Stockholm hadde dei ei stor samling hjertesøljer i sølv. Fleire av desse var kjøpt på nabogardane Slovarp og Kaurstad. Desse søljene skal nå vera på Norsk Folkemuseum.


Historia om ein familie som har sett spor

Christian Braunmann Tullin er ikkje ringbygging, det er å trekke det for langt, men han har namnet sitt frå Ringebu, og far hans var frå Tullia i Liagrenda på Fåvang.

 

Smed-familie

Forrebrua vart rydde som husmannsbruk under gardane Rudi og Slovarp tidleg på 1700-talet. Smedar var det i Forrebrua frå første stund. I 1762 kom Engebret Olsen til Forrebrua, han var truleg frøning. Son nr. 2 av barna var Ole f. 1759, som eg vil ta for meg her. Eg vil og nemne nr. 3, Anders f. 1762, som rydda nabobruket Kvernflata, han var gjørtlar, og det var ein Ole til, f. 1766 som vart børsemakar i Fredrikstad.

    Forskningsdirektør siv. Ing. Nic. Knudtzon f. 1922, som hørde til familien, arbeidde i mange år før han fann løsninga på kvar Ole Bronn kom frå og ætta hans. Det var forvanskinga av namnet til Bronn som var problemet. Han visste at han var gudbrandsdøl, men Bronn var eit ukjent namn i Gudbrandsdalen. Det var til slutt venabygdingane Torbjørn Hagen og Ove Løkken som løste gåta for han.


Ringbyggingar som har sett spor etter seg – del 2

Blomstermesteren fra Ringebu

Kristen Erlandsen Listad, 1726 -1802, var nok meir frøning enn ringbygging, men eg tek han med her likevel ettersom han fekk dette namnet.

 

Konsberg Våpenfabrikk

Ole Forrebroen eller Ole Broen, som vart til Ole Bronn, viste gode evner og kom i børsemakarlære hos børsemakar Jonas Berg i Christiania. Han var nok godt forlikt med læremestaren sin, for han gifta seg med dottera i huset, Anne Bolette. Etter endt utdanning arbeidde Ole som børsemakar på Kongsten Festning i Fredrikstad fram til 1814, da han var med og starta Kongsberg Våpenfabrikk. Året før var han utnemnd til Dannebrogsmann. Ole Bronn nådde langt i børsemakarfaget, og gevær laga av han er i samlingane både på Maihaugen, i Norsk Forsvarsmuseum og diverse andre museum.

Kongsberg var på slutten av 1700-talet Norges nest største by, etter Bergen, p.g.a. sølvgruvene og Sølvverket, men rundt 1800 gjekk gruvene tome for sølv og det var krisetider i byen. Arbeidsstokken minka frå om lag 4000 i 1740, til 2500 i 1805, og heilt ned til 50 noen år seinare. Det vart ei nasjonal oppgave å skaffe arbeid til alt folket i byen, der også kong Christian Frederik engasjerte seg. Dansken Poul Steenstrup, som var bergverksingeniør, kom til Kongsberg i 1811. Han la fram planane for våpenfabrikken og vart den første direktøren. Nye sølvfunn og nye gruver kom i drift att i 1816, og tidene var lyse på Kongsberg.


Lokalhistorie engasjerer fortsatt

Lokalhistorie i ulike former holdt koken i løpet av fjoråret. Mest blest fikk boka Søsterklokkene, som solgte over all forventning.

 

Den første tekniske direktør

Ole Bronn vart tilsett som rustmester i den nystarta Kongsberg Våpenfabrikk i 1814. Å vera rustmester er det same som teknisk direktør, og Ole Bronn frå Forrebrua var den første tekniske direktøren på Kongsberg Våpenfabrikk.  Denne stillinga hadde han til han pensjonerte seg i 1825. Han døde i 1844, og dødsannonsa i Morgenbladet hadde denne ordlyden. «At det behagede den Alvise Løverdagen den 20de Dennes at bortkalde til det Bedre min kjære Mand, forhenværende Rustmester ved Vaabenfabrikken og Dannebrogsmand Ole Bronn i sit 85de Aar, tilkjendegives herved».

Har kartlagt dei gløymte uthusa

Låvane langs øyer og vollar i Ringebu blir truleg verna

Slåttemark utover flaumvollane ved Laugen har lange tradisjonar. Nå får låvane som syner historia truleg vern gjennom kulturminneplana i Ringebu.


Starta Akers Mekaniske Verksted

Anne Bolette og Ole fekk åtte barn, og det var særleg ein som sette spor etter seg. Det var Stephanus Conradus f. 1799. Han arbeidde ved våpenfabrikken og i tillegg fekk han undervisning i mekanikk og maskinlære på ein privatskule som dir. Steenstrup hadde etablert. Han vart børsemakar, og etter vidareutdanning i København, vart han tilsett som rustmester ved Kongsberg Våpenfabrikk etter faren i 1824. Men han slutta etter berre eitt år og ga seg med vennen Peter Severin Steenstrup, son til dir. Steenstrup, som var sjøoffiser. Han var styrmann, seinare kaptein på Norges første dampskip Constitutionen, og Stephanus vart med som maskinsjef ombord. Dette var karar med initiativ, og saman med to andre starta desse to vennene Akers Mekaniske Verksted i Pipervika i Oslo i 1842. Stephanus Bronn gjekk ut av det nystarta verkstedet i 1846 og vart da kontrollør i Statens Brennevinstilvirkning. Den stillinga hadde han til sin død i 1866.

I tillegg til sine tekniske evner, var Stephanus Bronn også ein dyktig maler, og maleriet av faren i denne artikkelen er måla av han. Det heng maleri av han på fleire plassar m.a. i Rosendal i Hardanger og i rådssalen i Bispegården i Oslo. Den nemnde Nic. Knudtzon som skreiv artikkel om Ole og Stephanus Bronn i Hemgrenda 2006, tolkar flammene i kommunevåpenet i Ringebu som symbol på «dugeligheten hos bygdens smeder gjennom århundreder, og spirene for både nasjonal og internasjonal industri, som har vokst til betydelige dimensjoner».


Kjelder:

Hemgrenda 2006. Nic. Knudtzon: Fra håndverk i Ringebu til industri i verden.

Halvor Aaby: Ringebu. Heim og folk. Kjønnås.