Følger opp ryddeaksjon på land med «båtaksjon» på elva

I mai rydda frivillige søppel langs vassdraga i dalen. I sommar skal rundballar på ville vegar til pers.

Aksjon: Rundt 100 barneskoleelevar frå Harpefoss skule markerte starten på «Strandryddeuka» med å rydde langs Lågen i slutten av april.  Foto: Silje Josten Lien

Nyheter

– For det første vil vi gjerne vere med på dugnaden og få ut så mykje som mogleg av plasten i Lågen – det er ikkje noko triveleg å sjå. For det andre har vi utstyr som kan bidra til å få plasten opp, seier Rune Magnar Bjørheim i Sør-Fron Røde Kors.

I august skal «eigarlause» rundballar i Losna-deltaet fjernast ved hjelp av båt. Røde Kors i Sør-Fron har regi på aksjonen.


Store mengder glasopor kommer flytende i Laugen

Nå kommer det mer påfyll av glasopor i Laugen fra Ottavassdraget. Kommunene risikerer å få regningen


Heile dalen

Skuleelevar, bondeorganisasjonane og ulike lag og foreiningar rydda i vår søppel i heile dalen. Sør-Fron kommune tok, saman med bondeorganisasjonane lokalt, initiativ til ein felles ryddeaksjon.

Dei andre gudbrandsdalskommunene og fleire organisasjonar vart med på laget, noko som resulterte i ryddeaksjonar frå Mjøsa i sør til Skjåk og Lesja nord i dalføret.

Resultatet av ein søknad sendt Miljødirektoratet i vinter vart 600 000 kroner og eit større prosjekt, som i tillegg til den frivillige ryddeaksjonen, inkluderer ein aksjon mot rundballar på ville vegar, samt haldningsarbeid utover hausten.

Planlegging: Denne veka møtte partane kvarandre for å gjere opp status så langt i prosjektet, og planlegge korleis arbeidet skal gå vidare. Frå venstre: Rune Magnar Bjørkheim (Røde Kors), Tore Solbakken (Gudbrandsdal sportsfiskeforening), Ingvild J. Aarhus (Skåppå) og ordførar Ole T. Muriteigen.  Foto: Privat

 

Ønsker fleire frivillige

Bjørkheim ønsker seg fleire frivillige (over 18 år) til aksjonen, slik at dei får rydda mest mogleg langs Lågen. Medlemmar i Røde Kors har allereie hatt ein «prøvekveld», for å sjå korleis dei kan gjennomføre aksjonen.

– Eg trur vi kan få bra resultat. På prøvekvelden henta vi inn tre rundballar, og eg trur at vi kanskje kan få samla inn 20 seinare i sommar.

I Gudbrandsdalen vart det samla inn 17 tonn med søppel og 2657 frivillige hadde meldt seg på. Prosjektleiar Ingvild J. Aarhus meldar at talet er høgare, da ein del ikkje melde seg på, men plukka søppel på eiga hand.

Ringebu vil ha plastfri 17. mai: Oppfordrar naboar og isprodusentar til kutt

I Ringebu har dei tatt mål av seg til å få til plastfri 17. mai – i alle fall vil dei strekkje seg etter det på fleire område.



Vil ha faste avtaler til plast- og søppelplukking

Landbrukssjef vil ha flere til å plukke søppel, og søker faste samarbeidspartnere.