400 ungdommar fekk ein opptur: - Joggesko og collegegensarar fekk seg ein dusj, men humøret var på topp!

Det var rekorddeltaking under årets nasjonale turdag førre veke. Åttandeklassingar frå Midtdalen møtte opp til tidenes mest folksame OPPTUR.

Åttandeklassingane frå skulane i Ringebu, Sør-Fron og på Vinstra deltok på DNT sin OPPTUR førre onsdag.   Foto: Privat

Nyheter

Elevar og lærarar frå ungdomsskulane i Ringebu, på Sør-Fron og på Vinsra deltok, da DNT arrangerte den nasjonale turdagen OPPTUR. Dette er ein dag der åttandeklassingar over heile landet blit invitert til filuftliv, fysisk aktivitet og naturopplevingar.


Dette er OPPTUR
  • En nasjonal turdag for norske åttendeklassinger, arrangert av Den Norske Turistforenings medlemsforeninger.
  • Arrangeres for 14. gang i 2019.
  • Over 34.000 ungdommer deltok på OPPTUR i 2018, over halvparten av landets 8. klassinger.
  • Det var 120 OPPTUR-arrangementer over hele landet i fjor.
  • Turene er omlag 10 km lange og går til en topp eller lignende i nærområdet.
  • De lokale medlemsforeningene til Den Norske Turistforening tar ansvar for å merke en fin løype til en topp eller et utsiktspunkt, og stiller med vakter underveis for å sikre at alle kommer trygt frem.
  • Fokus på arrangementet er sosialt samvær, naturopplevelser og fysisk aktivitet.
  • Deltakelse på OPPTUR er gratis for skolene.
 

Våte sko og genserar

Elevane frå Midtdalen kom i bussar til Harpefoss og gjekk opp til Skutelen, eit flott utkikkspunkt over heile dalen. Vidare gjekk turen vidare til Skar og til DNT Gudbrandsdalens Skardbua, der det var matpause. Frå Skar gjekk Vinstra-elevane til Vinstra, medan elevane frå Ringebu og Sør-Fron gjekk ned att til Harpefoss.

- Sjølv om ikkje været var heilt på vår side denne dagen, fekk vi likevel sjå eit mektig skue utover dalen, fortel dagleg leiar i DNT Gudbrandsdalen, Therese H. Heramb.

OPPTUR er DNT si skulesatsing, og skal inspirere undgommane til å føle glede med filuftsliv.   Foto: Privat

Fra fjern og nær til trening på Pallane

Vinstra motorsportarena er ikke helt klar til åpning, men lørdag fikk lokale og tilreisende "driftere" teste deler av banen.



Åpna egenprodusert sykkelløype

Øsende regn til tross, elevene ved Harpefoss skule var fast bestemt på å åpne skolens nyeste attraksjon.

 

Til inspirasjon

OPPTUR er ein del av DNT si skulesatsing, og foreininga i Gudbrandsdalen si oppgåve var å ta med elevane til ein topp eller eit utkikkspunkt.

- Kvar skule går ein tur på i underkant av ti kilometer. Nokre joggesko og collegegensarar fekk seg ein dusj frå både ope himmel og våte stiar, men humøret var på topp heile vegen. Målet vårt med denne dagen er å få fleire ungdommar til å oppleve gleden ved friluftslivet, gjere turmoglegheitene i næriljøet betre kjent, og å skape ein morosam dag med fysisk aktivitet for alle, seier Heramb.

Det var seks turleiarar med på årets OPPTUR.

- Vi var alle einige om at dette var ein fin tur, og særleg artig at det var rekordmange elevar med. Vi håpar at dette har inspirert til meir turglede og friluftsliv til den yngre garden i framtida også, seier Heramb.


Ane sine ord om eldreomsorgen vekker reaksjoner: – Vet jeg ikke er alene om å kjenne på at jeg ikke strekker til

Ane Aspeslåen Dybvadskog drømmer om flere ansatte i eldreomsorgen. – Det handler om verdighet og hvordan vi klarer å ta vare på dem vi kan takke for at vi er her, sier hun.