Full fres for bygdeungdommen - sju lokallag samla til fartsfylt tevling

Tysdag førre veke ba Ringebu Fåvang bygdeungdomslag inn til fartsfylt tevlingssamling på Gudbrandsdal Gokart.

I farta: 19 ungdommar frå fleire bygdeungdomslag var samla til gokart-køyring førre tysdag. Verstskap var Ringebu Fåvang Bygdeungdomslag.   Foto: Privat

Nyheter

Éin kveld i månaden møtast alle bygdeungdommar, medlem av Noregs Bygdeungdomslag, til det som kallast tevlingsstafett.

Adrenalin

Tysdag var det Ringebu- og Fåvangungdommane sin tur til å be inn til tevling. Dei tok gjengen med på ein fartsfylt konkurranse med gokart.

– Det var sterkt konkurranse og høgt tempo. «Stære artig» og «jilt» var kommentarane på banen, fortel leiar Ida B. Godlien.

– Adrenalinet pumpa jamnt over, og det viser resultatlista, legg ho til.


Fra fjern og nær til trening på Pallane

Vinstra motorsportarena er ikke helt klar til åpning, men lørdag fikk lokale og tilreisende "driftere" teste deler av banen.

 

Thea Thujord var raskaste jente, medan Knut Arne Hilmen var raskaste gut.   Foto: Privat

Bygdeungdomslaga samlast ein gong i månaden til tevling. Tysdag var det Rinegbu Fåvang som var vertssakap.  Foto: Privat

Ane sine ord om eldreomsorgen vekker reaksjoner: – Vet jeg ikke er alene om å kjenne på at jeg ikke strekker til

Ane Aspeslåen Dybvadskog drømmer om flere ansatte i eldreomsorgen. – Det handler om verdighet og hvordan vi klarer å ta vare på dem vi kan takke for at vi er her, sier hun.

 

Sju lokallag

Utover kvelden vart banerekorden slått tre gonger, og raskaste jente vart Thea Thujord fra vertslaget, medan Knut Arne Hilmen frå Valdres var raskaste guten.

– Vi håpar vi kan fortsette med tradisjonen og ha treff med gokart. Det er berre å gje seg med neste gong, oppfordrar Godlien.

Bygdeumgdomslaget fekk stønad frå Landkreditt til aktiviteten. I alt 19 ungdommar var med frå lokallag frå Ringebu Fåvang, Fron, Vestre Toten, Øyer-Tretten, Valdres, Gausdal og Vestre Toten.