Dei ivrigaste country-turistane kjem for ei veke til ende med festival

Allereie måndag sto 15 bilar og ein buss på plass i Kåja, framfor arenaen der countryfestivalen startar torsdag.

Laurdag: Anders Grandalen frå Biri og Ann Kristin Hamre frå Sandnes kom allereie laurdag. Randi Megrund (t.h.) er frå Vinstra, men har vorte kjent med gjengen via countryfestivalen. Alle har vore her fleire gonger.  Foto: Guro Vollen

Nyheter

–  Eg har kjørt direkte hit frå Coyntryfestivalen i Skjåk i cirka ti år, seier Iver Lerfald frå Levanger. Han kom sundag, men var likevel ikkje av dei aller ivrigaste, sidan han brukte helga i Skjåk, før nimils-etappen til neste festival med countrymusikk på plakaten.