Dette er den nye rådmannen i Sør-Fron

Rune Fromreide Sommer er tilsett som rådmann etter Jan Reinert (Janke) Rasmussen.

Rune Fromeide Sommer er tilsett som rådmann i Sør-Fron kommune etter Jan Reinert Rasmussen.  Foto: Privat

Nyheter

Det opplyser Sør-Fron kommune på sine heiemsider.

Fromreide Sommer er 52 år gamal og er busett i Follebu saman med familien sin.

Han kjem i frå stillinga som divisjonssjef for Forsyningsdivisjonen i Forsvarets Logistikkorganisasjon.

Sommer skal ta til i stillinga i løpet av hausten.

Anne Holsbrekken er konstituert som rådmann inntil vidare.